Om oss
Tømrar-Elin vart etablert av Elin Gallefoss i november 2007. Vi har sidan den gang hatt fleire varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Ein god del av måla som vart satt ved oppstart er nådd, og i 2011 vart Tømrar-Elin Meisterbedrift etter at dagleg leiar vart ferdig utdanna til bygg/tømrarmeister og tildelt meistertittelen. Tømrar-Elin er også godkjent opplæringsbedrift for tømrarfaget.
Vi har hatt oppdrag for Kystmuseet, der vi har tatt del i restaureringsarbeidet av den freda handelstaden Vågsberget i Vågsøy kommune. Vi er òg samarbeidspartner med med Xl-Bygg Måløy på deira «Klappet og Klart» konsept.
Samarbeidspartner med med Xl-bygg Måløy på deres «Klappet og Klart» konsept.
Vår visjon
Tømrar-Elin har fokus på at oppdrag vert fagmessig og riktig utført i høve til gjeldande lovar og føreskrifter, og at god service ovanfor kunden vert tatt vare på. Elin har drive firmaet Tømrar-Elin sidan 2007.
Kompetanse
- Meisterbrev
- Ansvarsrett
- Godkjent opplæringsbedrift
- Godkjent energirådgiver hos Enova