Tenester

Tenester

Tømrar-Elin er eit allsidig tømrarfirma som utførar dei fleste tenester innan byggfaget. Vi tek oppdrag i Vågsøy, Selje, Bryggja, Eid samt mindre og ytre Nordfjord.

Timesatsen er kr. 480.- ekskl. mva. på arbeid utan bruk av stillas, og kr. 500,- ekskl. mva. for arbeid med bruk av stillas. Påslag på 15% på material, og 10% påslag på tenester levert av underleverandørar, slik som elektrikarar, entreprenørar osv.

Våre materialpåslag er òg basert på gode prisar hjå leverandørar, og ikkje veileiande prisar ut til privatkundar.

Har du eit oppdrag som du ikkje finn i liste nedanfor? Ta kontakt, så finn me ut om me kan hjelpe deg!

Rådgivning

Tømrar-Elin er godkjent energirådgjevar frå Enova og tilbyr rådgjevningstenester innan energispørsmål og problemstillingar knytt til dette.

Hus/Hytte

Tømrar-Elin tilbyr oppføring av nybygg, som hus og hytter. Vi nyttar kvalitetsmateriale og utfører kvalitetshandverk.

Rehabilitering

Tømrar-Elin utførar rehabilitering av dei fleste typar bustadar. Vi tilbyr skifting av vindauge og dører, etterisolering og utskifting av bordkledning.

Garasje/naust

Tømrar-Elin fører opp alle typar garasjar og naust/sjøbuer etter kunden sitt ynskje.

Våtrom

Tømrar-Elin utfører rehabilitering av alle typar våtrom, som til dømes vaskerom og bad.

Innreiing/ montasje

Vi utfører montering av kjøkken, bad og garderobeløysingar.

Uteområde

Ynskjer du å gjere uteområdet meir koseleg? Tømrar-Elin tilbyr oppføring av balkong, altanar, terrassar, platting og leveggar.

Restaurering

Tømrar-Elin utfører rehabilitering av eldre bygningar, og vi har mellom anna utført restaurering i lag med Kystmuseet.

Andre typar oppdrag

For andre typar oppdrag, berre ta kontakt, og vi skal klare å fikse det også!

mesterlogo_ub
Ansvarsrett_logo_sort_liten
godkjent-laerebedrift